top of page

VARMETANKEN - BADSTOVE

Velkomen til Varmetanken, den nye elvebadstova ved Tanken Arena! No kan du booke Varmetanken privat eller på drop-in. Badstova er ferdig oppvarma når du kjem.

Velkomen til ei varm oppleving!

BOOK HEILE BADSTOVA

Vil de ha Varmetanken for dykk sjølve? Ta med vener, familie eller kollegaer til to timar med varme, ro og utsikt mot elva.

Badstova har plass til 12 personar og er ferdig oppvarma når de kjem.

Privat leige: 990 kr for 120 minutt.

Heile badstova kan bestillast på ledige tider mellom kl. 06.00 og 00.00, utanom dei faste fellesøktene.

ChatGPT Image 20. aug. 2026, 13_21_33.png
Badstuedampritual

FELLESBADSTOVE

Kom åleine eller ta med ein ven! På fellesbadstove bestiller du enkeltplass og deler Varmetanken med andre. Du treng ikkje samle ein heil gjeng for å nyte varmen.

Faste tider kvar veke:

  • Onsdag kl. 19.00–21.00

  • Laurdag kl. 16.00–18.00

  • Søndag kl. 15.00–17.00

  • Søndag kl. 18.00–20.00

Pris: 99 kr per person for to timar.

Badstova er ferdig oppvarma når du kjem. Det er plass til 12 personar per økt. Bestill plass på førehand.

Du er like velkomen om du berre vil ta badstove – det er ingen plikt å bade.

GÅVEKORT

Den perfekte gåva skaper minne. Gje bort eit gåvekort og varm nokon du er glad i. Ved bestilling får du eit digitalt gåvekort sendt direkte til e-posten din.Bestill enkelt ved å klikke på knappen under. Du kan også komme innom Tanken Arena og kjøpe eit fysisk gåvekort. 

Rustikk gaveeske
ChatGPT Image 20. aug. 2026, 13_31_15.png

PRAKTISK INFO

All bruk må bestillast på førehand. Før bookinga startar, får du ein tilgangskode på SMS og e-post.

  • Koden bruker du for å opne garderoben. Garderoben står open gjennom heile bookingtida.

  • Nøkkelen til badstova heng på veggen til venstre inne i garderoben. Heng han tilbake etter bruk.

  • Når du låser badstova, løftar du dørhandtaket opp og vrir om nøkkelen.

Bookingtida inkluderer omkleding og rydding. Vis omsyn til neste økt og ver ferdig til oppsett sluttid.

Etter bruk skal du rydde etter deg, tørke og sope golvet og ta med søppel og eige utstyr. Ved unormal tilgrising kjem eit reinhaldsgebyr på 1 500 kr.

 

Ta med

  • Badetøy

  • To handkle – eitt til å sitje på og eitt til å tørke deg med

  • Sandalar eller badesko

  • Pose til vått tøy

  • Drikkeflaske

 

Badstovett

  • Ver rein før du går inn.

  • Sit alltid på handkle.

  • Vis omsyn og hald lågt lydnivå.

  • Spør dei andre før du heller vatn på omnen.

  • Barn under 16 år må vere i følgje med ein føresett.

Det er ikkje dusj ved badstova. All bading og isbading skjer på eige ansvar. Vurder straum, vasstand og isforhold før du badar.

 

Pust ut, finn roa og nyt opplevinga

Varmetanken er ein liten fristad ved elva – i naturen, men like ved Ål sentrum.

Velkomen i varmen!

bottom of page