BRYLLAUP

FEIR KJÆRLEIKEN PÅ TANKEN ARENA
Tanken Arena gir dykk ei personleg og fleksibel ramme for den store dagen – med plass til både middag, talar, dans og gode stunder med familie og vener. Her kan de samle alt på éin stad og skape ei bryllaupsfeiring som kjennest heilt dykkar.



Bryllaupspakkar
Når de feirar bryllaup på Tanken Arena, får de heile huset for dykk sjølve. Ta imot gjestene med ein førdrink på takterrassen, samlast til middag i Hovudtanken og la festen halde fram på dansegolvet.
Romma og takterrassen heng saman så gjestene kan bevege seg fritt mellom dei. Vil de skilje middagen frå festen, kan skyvedøra lukkast inn til dansegolvet.
Kjøkken, bar og servise gjer det enkelt å setje dykkar eige preg på feiringa. Baren er bemanna til avtalt tid, og de vel sjølve om gjestene betaler for drikka eller om de vil spandere. Heile Tanken Arena er dykkar i alle pakkane. De vel kor mykje hjelp de ønskjer med førebuingane og gjennomføringa.
Heile huset
For dykk som vil planleggje og ordne det meste sjølve. De får heile arenaen til feiringa, med bemanna bar til avtalt tid.
Festklart
For dykk som gjerne vil ha hjelp med å klargjere lokala før gjestene kjem. Vi avtalar saman kva de ønskjer hjelp til.
Feiring med vertskap
For dykk som ønskjer litt ekstra hjelp undervegs. Vi kan avtale praktisk tilrettelegging og hjelp med gjennomføringa, slik at de får meir tid til å vere saman med gjestene.
Fortel oss korleis de ser føre dykk den store dagen, så finn vi ei løysing som passar dykk.
FINN RAMMA SOM PASSAR DYKK

Hovedtanken
Hovudtanken er eit romsleg og fleksibelt selskapslokale med sitjeplassar til omkring 100 gjester. Her finn de kjøkken og bar, og god plass til middag, talar og dans. Det følgjer med servise og dekketøy, mellom anna middagstallerkar, dessert- og forrettstallerkar, bestikk, kaffikoppar, vinglas, ølglas, dramglas, vassglas og longdrinkglas. Lokalet gir dykk ein god base for å skape ei feiring som passar dykk.

Dansegulv / Scene
Scenerommet er ope i samband med Hovudtanken via ei trapp, slik at romma kan fungere som éi samla ramme rundt feiringa. Vil de ha meir avskilde soner, kan de lukke skyvedøra mellom romma.
Her finn de PA-anlegg for talar og musikk, prosjektor og moglegheit for live musikk. Scenerommet passar godt til førdrinkar, dans eller underhaldning gjennom kvelden.

Takterrassen
Takterrassen på 150 m² gir dykk ei luftig ramme for delar av bryllaupsfeiringa. Her kan gjestene samlast til førdrinkar og mingling, eller nyte ein pause ute i løpet av dagen. Når sola går ned, får terrassen ei heilt eiga stemning. Lyslenkene skin over gjestene, båltønnene gjev varme og samlar folk, og kvelden kan halde fram under open himmel. Dersom vêret tillèt det, kan vi òg leggje til rette for uteservering frå baren. Ei fin ramme for førdrinkar, mingling eller ein liten pause frå dansegolvet.
