

Tid og sted
29. des. 2026, 19:00
Kuluvegen 1, Kuluvegen 1, 3570 Ål, Norge
Om arrangementet
Publikum kan gle seg til ein kveld der mykje moro vil skje på scena. Sjangsane er store for å få oppleve spontane musikalske høgdepunkt, smilande musikarar som prøver seg på noko nytt, og gjester som plutseleg briljerer med soloar og vokalprestasjonar ingen visste dei hadde i seg.
Stemninga er varm, uhøgtidleg og tett på, og du kjem truleg til å få med deg magiske augneblikk som aldri vil skje igjen på akkurat same måte.
Kort sagt ein romjulskveld med energi, leikelyst og felles glede over heilt ekte, levande musikk.
Tirsdag 29. desember (5. juledag)
Dørene åpner 19.00
Jam fra ca 20.00
Åpent til 02.00
Billettpris: kr. 290,- ( 350,- ved kjøp i døra)
20 år leg.plikt.
Store norske leksikon seier:
Jam session, eller jam, er en uformell sammenkomst der musikere spiller musikk (i utgangspunktet) for fornøyelsens skyld. Jam sessions oppsto som et fenomen i jazzen på 1930-tallet, men har siden blitt et relativt sjangerfritt begrep, med stor utbredelse i blant annet rock, progrock, blues og funk. Improvisasjon er en viktig del av fenomenet, og det vektlegges gjerne eksperimentering, lek og utveksling av idéer mellom musikerne, fremfor lærte prinsipper om form og harmonikk. Som følge har jam sessions gjerne lengre musikalske forløp (spesielt soli) og varer ofte lenger enn studioprodusert og komponert musikk.
Uavhengig av kva Store Norske seier, me velgjer å leggje litt i botn. Husbandet består av ein flott bukett dyktige musikarar frå Sundre.
For deg som vil være med å jamme: Poenget er enkelt. Dette skal vere gøy både for musikarar og publikum. Terskelen er låg, og om det skulle bli litt skranglete, er det heilt i tråd med oppskrifta. Og plutseleg sit noko som ei kule – den følelsen!
Du kan:
• kome aleine og jamme med husbandet eller andre musikarar som dukkar opp
• ta med heile bandet ditt og overta lokalet
• eller gjere begge delar
Uansett sjanger, nivå eller instrument, og spesielt vokalistar, koristar, blås, dragspel, fele, gitar, tromme, bass, tangentar, munnspel/harpe og banjo: Du er hjarteleg velkomen på scena!
Utstyr og praktisk info:
Tilgang på full backline ++, inkludert ekstra gitarar, tangentar, forsterkarar og det som trengs, men ta gjerne med eige instrument. Gi beskjed til jamvert eller husbandet – gjerne på førehand – om du vil vere med på noko. Om du gløymer det, er det fullt mogleg å melde seg spontant også.
Har du låtynskjer du vil at husbandet skal vere litt førebudd på, gje gjerne ein lyd i forkant.
Husbandet er på mange måtar ambulerande – ein slags musikalsk versjon av Vy. Dei stoppar på dei fleste instrumenta, men ingen veit heilt når.
Jamvert inntil han får anna beskjed er Erlend Medgard, 90182200
