top of page

Føredrag med Henning-A. Frantzen

ons. 25. nov.

|

Kuluvegen 1


.
Føredrag med Henning-A. Frantzen
Føredrag med Henning-A. Frantzen

Tid og stad

25. nov. 2026, 19:00

Kuluvegen 1, Kuluvegen 1, 3570 Ål, Norge

Om arrangementet

Velkomen til eit spennande føredrag med Henning-A. Frantzen!

Denne kvelden får du høve til å forstå meir av det som skjer i verda, stille spørsmål og delta i diskusjonen. Du treng ingen forkunnskapar, berre litt nyfikne.

Kjøp billett her: https://betal.vipps.no/q3ulzp


EIT LITE LAND I VERDA

Noreg er ein småstat med rike ressursar i eit strategisk viktig område. Etter den andre verdskrigen gjekk Noreg bort frå nøytralitetspolitikken og søkte internasjonalt samarbeid og alliansepartnarar. Både FN og NATO har vore sentrale i utforminga av norsk tryggings- og forsvarspolitikk. I ei tid prega av uro, rivalisering mellom stormaktene og uvisse står småstatar overfor fleire utfordringar. Kva kan ein småstat eigentleg utrette? Kva har det nordiske samarbeidet i NATO å seie? Denne kvelden ser vi nærare på norske tryggingspolitiske interesser og utfordringar, rolla og oppgåvene til Forsvaret og arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, både nasjonalt og lokalt.

Kva betyr dette for oss som skal leve, jobbe og oppdra barn i Noreg dei neste tiåra? Kor trygge er vi, kva bør vi vere førebudde på, og kva rolle har vi sjølve?


Henning-A. Frantzen frå Ål har erfaring både frå internasjonale operasjonar og frå arbeidet med å planleggje forsvaret av Noreg. Han er pensjonert generalmajor, har gjort teneste i Bosnia-Hercegovina og Afghanistan og har vore sjef og rektor ved Forsvarets høgskole. Frå 2021 til 2025 leia han avdelinga for forsvarspolitikk og planlegging i Forsvarsdepartementet. Der leia han mellom anna arbeidet med langtidsplanen regjeringa la fram for forsvarssektoren. Han har òg doktorgrad i krigsstudiar frå King’s College London.

Vi legg opp til om lag 50 minutt med føredrag, 15 minutt pause og deretter 30–40 minutt med spørsmål og diskusjon.

Inngang kostar 50 kr. Heile billettinntekta går til hjelpeorganisasjonen Fritt Ukraina. Vil du gi meir, kan du kjøpe fleire billettar eller vippse til 788017.

Velkomen til ein kveld som vedkjem oss alle!


Kjøp billett her: https://betal.vipps.no/q3ulzp

Del dette arrangementet

bottom of page