top of page

VARMETANKEN - BADSTOVE

Velkomen til Varmetanken, den nye elvebadstova ved Tanken Arena! No kan du booke Varmetanken privat eller på drop-in. Badstova er ferdig oppvarma når du kjem.

Velkomen til ei varm oppleving!

BOOK HEILE BADSTOVA

Varmetanken har plass til 12 personar og er open kvar dag frå kl. 06:00 til 00:00. Her kan vener, kollegaer og familie ha ein hyggeleg stad å samlast og nyte kvalitetstid. Heile badstova kan bestillast i 120 minutt for 990 kr.

ChatGPT Image 20. aug. 2026, 13_21_33.png
Badstuedampritual

FELLESBADSTOVE

Felesbadstove er tilbodet vårt for enkeltpersonar som ønskjer å bruke Varmetanken utan å reservere heile badstova. Reserver plass på førehand, og nyt 120 minutt med avslapping for berre 149 kr.

Fellesbadstova er tilgjengeleg måndag–søndag. Badstova har plass til 12 personar.

Vis omsyn til andre brukarar.

Ved spørsmål kan du kontakte oss på e-post eller telefon.

GÅVEKORT

Den perfekte gåva skaper minne. Gje bort eit gåvekort og varm nokon du er glad i. Ved bestilling får du eit digitalt gåvekort sendt direkte til e-posten din.Bestill enkelt ved å klikke på knappen under. Du kan også komme innom Tanken Arena og kjøpe eit fysisk gåvekort. 

Rustikk gaveeske
ChatGPT Image 20. aug. 2026, 13_31_15.png

PRAKTISK INFO

All bruk må bestillast på førehand. Etter at du har reservert tid, får du ein tilgangskode på SMS og e-post før bookinga startar.

  • Koden bruker du for å opne garderoben. NB: Garderoben står open gjennom heile bookingtida.

  • Nøkkelen til sjølve badstova heng på veggen til venstre når du går inn – hugs å hengje han tilbake etter bruk. Når du låser badstova, løftar du dørhandtaket opp og vrir om nøkkelen.

 

Etter bruk: Rydd opp, tørk og sop golvet, og ta med alt av søppel og utstyr. Ved unormal tilgrising kjem det eit reinhaldsgebyr på kr 1 500.

​

Pakkeliste

  • Badetøy

  • To handkle (eitt til å sitje på)

  • Sandalar / badesko

  • Pose til vått tøy

  • Drikkeflaske

​

Badstovett

  • Ver rein før du går inn i badstova

  • Sit alltid på handkle

  • Vis omsyn og hald lågt lydnivå

  • Spør før du heller vatn på omnen

  • Barn under 16 år må vere i følgje med ein føresett

Det er ikkje høve til å dusje ved badstova. All bading og isbading skjer på eige ansvar. Ta med eige utstyr dersom du vil lage hol i isen.

Pust ut, finn roa og nyt opplevinga

Badstova ved Tanken Arena er ein liten fristad – i naturen, men like ved sentrum.

Gi deg sjølv (eller nokon du er glad i) eit avbrekk frå kvardagen og nyt varmen ved elva.

​

Velkomen!

bottom of page