Foredrag med Thor Gotass - Om loffere og eneboere
fre. 23. okt.
|Kuluvegen 1


Tid og sted
23. okt. 2026, 17:30
Kuluvegen 1, Kuluvegen 1, 3570 Ål, Norge
Om arrangementet
Vi gler oss til eit gjensyn med Thor Gotaas! Denne gongen vil han fortelje om landstrykarane i fortida – dei som vandra rundt i landet og sov på låvar eller under ein busk. I 1930-åra gjekk fleire tusen nordmenn på loffen. Dei selde varer og tok småjobbar, også i Hallingdal. Dei siste gamlekarane forsvann i 1980-åra.
Gotaas har òg skrive bøker om einebuarar og vil fortelje om Josef Helvete, Ture Sølver og andre særprega menneske som budde åleine i skogen og på fjellet. Kvifor valde nokon å bu heilt åleine i ei lita koie? Altså to foredrag til prisen av eitt denne kvelden 😊
Vel mellom to billettkategoriar:
Scenerommet – 350 kr
Reservert stol i Scenerommet, der foredraget blir halde.
Amfiet eller Hovedtanken – 250 kr
Sitjeplass i Hovedtanken eller amfiet. Foredraget blir vist direkte på skjermar, slik at alle får godt utsyn og kan følgje med – også dei som sit langt bak.
Dato: 23. oktober
Tid: Dørene opnar kl. 17.30. Foredraget startar kl. 18.00 og varer til kl. ca. 20.00.
Vi held ope utover kvelden med open bar, mingling og musikk.
Thor Gotaas er folkeminnegranskar og forfattar. Han er cand.philol. frå Universitetet i Oslo, med hovudfag i folkloristikk frå 1993. Gotaas er særleg oppteken av outsiderane i samfunnet og menneske som er mykje i rørsle, anten som leveveg eller på fritida. Det har mellom anna resultert i ei lang rekkje bøker om skiløparar, landstrykarar, taterar, sjømenn og løparar. Han har òg vigd lokalhistoria mykje merksemd. Til saman har han skrive 49 bøker – kanskje fleire …
