top of page

Danmark - Norge (Nations League)

tir. 17. nov.

|

Kuluvegen 1


.
Danmark - Norge (Nations League)
Danmark - Norge (Nations League)

Tid og sted

17. nov. 2026, 19:45

Kuluvegen 1, Kuluvegen 1, 3570 Ål, Norge

Om arrangementet

Danmark–Noreg på Tanken Arena!

Tysdag 17. november blir gruppespelet i Nations League avslutta med nabooppgjeret mot Danmark. Dette kan fort bli dei avgjerande 90 minutta i kampen om ein plass i kvartfinalen.

Før kampen har vi ein liten quiz på lur der vinnarlaget får ei varm oppleving i Varmetanken Sauna. Toastjernet og popcornmaskina får òg ei sjeldan tysdagsvakt, så det blir mogleg å skaffe seg både varm toast, popcorn og noko leskande i baren.


Program:

19.45 – Dørene opnar

20.10 – Fotballquiz

20.30 – Opplading frå TV-sendinga

20.45 – Danmark–Noreg


I pausen – Quizvinnaren blir annonsert og premiert

Du treng heller ikkje vere særleg oppteken av fotball denne kvelden – det er heilt lov å kome for selskapet og stemninga.

18-årsgrense. Personar under 18 år kjem inn saman med ein forelder eller føresett. Vi har òg ei eiga alkoholfri avdeling.


https://betal.vipps.no/1cyjss

Del dette arrangementet

bottom of page